logo

Meld deg på vårt

Nyhetsbrev

feb
11

På denne dag

660 f.Kr. ble ifølge legenden den japanske nasjonen født

Følg Levende Historie i sosiale medier:
Bli fan på Facebook! LH på Twitter
Send Postkort
Test deg selv

BOKTIPS

Ypperlig om italiensk onde

“Verdens første mafiaroman” – første gang på norsk.

Les mer...

NYE BØKER

John Drane
Bibelens verden

Morten Bing, Torgeir Kjos og Birte Sandvik
En historiebok i tre etasjer. Boskikk i byen 1865–2002

Tore Kvæven
Hard er mitt lands lov

Les mer...

Kontinentale Bergensjødar

Bookmark and Share

Publisert: 10. mars 2009

VI BLIR NEPPE NOGENSINNE MANGE HER. JØDER I BERGEN 1851?1945

Per Kristian Sebak, Vigmostad & Bjørke, kr 369.

LEST AV HILDE LYSENGEN HAVRO

Den jødiske innvandringa til Noreg er vevd saman med endringar i Europa på 1800-talet. Etter at ”jødeparagrafen” vart fjerna frå Grunnloven i 1851, busette jødar, hovudsakleg frå Aust-Europa, seg i landet. Historia om dei bergenske jødane blir difor til i brytninga mellom europeisk, norsk og lokal historie.

Forfattar Per Kristian Sebak har teke for seg den jødiske historia i Bergen frå 1851 til andre verdskrigens slutt. Som tittelen på boka spelar på, har den jødiske befolkninga i Bergen aldri vore stor, men mangfaldet har likevel vore til stades.

Boka er eit viktig bidrag til den norske historia, gjennom eit lokalhistorisk perspektiv. Som bidrag til litteraturen om dei norske jødane er dette ei viktig bok ein ikkje visste ein hadde sakna før ho kom.

Sjølv om boka hovudsakleg er konsentrert til Bergen, tek forfattaren geografiske avstikkarar til andre stader på Vestlandet, samt Trondheim og Oslo, som hadde større jødisk befolkning enn Bergen.

For lesarar utanfor Vestlandets hovudstad kan nok boka til tider vere for lokalhistorisk orientert. Samstundes er boka leseverdig for alle som er interesserte i historie om andre verdskrigen og jødeutryddinga. Skildringane syner kor dramatisk situasjonen for dei norske jødane var og kor godt organiserte aksjonane mot jødane var under krigen, men gjev også plass til dei som tok motet til seg og hjelpte jødar frå nazismens grep. Slik blir boka interessant, mellom det lokale og det kontinentale.

Redaksjon: tlf 22 59 90 00, e-post redaksjonen@levendehistorie.no
Abonnementservice: tlf (+47) 46 98 82 48, e-post levendehistorie@medievekst.no
Annonsehenvendelser: tlf 22 59 90 00, e-post redaksjonen@levendehistorie.no
Postadresse: Historieforlaget AS, Hallings gate 4b, 0170 Oslo

© 2009 Historieforlaget AS
Kopiering fra www.levendehistorie.no er ikke tillatt uten avtale.
Nettstedet er utviklet av VZT.