Ny kunnskap om Kaupang

Bookmark and Share

Publisert: 21. mai 2007

KAUPANG IN SKIRINGSSAL
Edited by Dagfinn Skre
Aarhus University Press, 2007, kr 643.
LESEN AV MARIT MYKING

Det første av seks band om Kaupang-utgravingane blir nok ingen kioskveltar, med 500 tette sider på engelsk i leksikonformat. Men for norsk vikingtidshistorie og byhistorie er det ein merkestein.

Redaktør Dagfinn Skre samlar trådane frå gamle og nye utgravingar, sagatekstar og eit mangfald kjelder, og avsluttar boka med eit djervt totalbilete av Noregs første by. Eller ein av Danmarks første byar! Rundt år 800 grunnla den danske kongen Godfred byar som grenseforsvar og for å kontrollera handelen: Ribe i vest, mot det frisiske området, Hedeby i sør, mot Karl den stores frankiske rike – og Kaupang i nord, på grensa mot sagaenes ynglingekongar.

Området ved Viksfjorden i Larvik blir framstilt som ein gammal sentralstad, med tingstad (Þjóðalyng = Tjølling), kanskje ein heilag innsjø og eit heilag fjell, og eit høvdingsete, Skiringssal. Ved hamna vart Kaupang grunnlagt ca. 800, og fungerte som by fram til ca. 950.

Boka er stramt redigert og fint illustrert, og drøftinga av metodar og kjeldeproblem er flott integrert i artiklane. Eit lite sakn er at religionshistorien nesten manglar. Til dømes byggjer scenariet med den heilage innsjøen på tolking av stadnamn. Dessutan må vel den nære kontakten med Danmark på 800- og 900-talet ha ført til tidleg kristen innverknad i Vestfold? Det som er lagt fram, vil uansett inspirera til både forsking og diskusjon på fleire fagfelt, og til nyskriving av norsk historie.

eZ publish™ copyright © 1999-2012 eZ systems as